Hei

Eg kjem frå sørvestlandet, nærmare bestemt Ålgård, sør for Stavanger, og har vært medlem i Stavanger Triatlonklubb i nokre år.
Flytter til Trondheim for å studere der, og er utfordra til å delta på Trollveggen Tri om eit års tid....og treng i tilfelle ein del trening og motivasjon for sådan -då er det greit å kunne trene saman med andre i større eller mindre grad -difor melder eg meg her! Eg har tidlegare delteke i i Norseman, og fullført Ironduck (treningskonkurranse på IM-distanse -var ikkje gammal nok til å få plass på "ordentleg" konkurranse då), så veit kva det går i, men dette er over to år sidan, og siste to åra har det vore lite tri-trening. Har derimot vært en del aktiv likevel og vært mye på ski i vinter (med og uten staver, men stort sett med mye bagasje

Er 20år, snart 21, og har planer om å bu i trønderbyen iallefall 5år, og synes det er triveleg med eit aktivt miljø der alle held ulikt nivå. Finst det felles symmetreningar på vinterstid, eller er det kun ute om sommaren? Eg har ikkje våtdrakt...
Men eg har FIN tri-sykkel

som har perlemorsrosa lakk.....

merke concorde. Lett og passar meg godt. Gjer dessutan ryggen min godt å sykle på den

(iallefall kortare distanser)
Det er sånn ca meg. Satser på å være litt med på felles løpetrening og andre aktiviteter åpne for alle, og så er det godt mulig at eg melder meg inn i klubben etterkvart, må sjå kva som passer i forhold til studiekvardag og andre aktiviteter. Er glad for å vite at det ER ein aktiv klubb i byen
